Vedtekter for Eiksund bygdelag

Vedtekne 2. mai 2006. Sist endra på årsmøtet 20. november 2014.

§ 1 Namn
Laget har namnet Eiksund bygdelag.

§ 2 Formål og verkemiddel
2.1 Formålet til Eiksund bygdelag er å fremje medlemene si felles interesse i området og å arbeide for det sosiale og fysiske miljøet på staden, og trivsel og tryggleik for innbyggjarane. Laget kan ta opp alle saker som kan fremje desse formåla.

2.2 Laget er partipolitisk uavhengig.

2.3 Lagsstyret kan samarbeide med andre lag og institusjonar i saker av felles interesse.

2.4 Laget skal sikre og ta seg av interessene på staden som eit høyrings- og samarbeidsorgan overfor kommunen og andre offentlege instansar.

2.5 Laget skal forsøke å ta omsyn til natur- og miljøvern i arbeidet sitt.

§ 3 Juridisk person
3.1 Laget er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§ 4 Medlemskap
4.1 Alle husstandar, inklusivt dei som har eigedom, kan verte medlemer.

§ 5 Kontingent
5.1 Kvar husstand betaler kr 200 i medlemskontingent per år.

§ 6 Årsmøte
6.1 Årsmøtet er det øvste styrande organet for laget. Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av februar månad. Tid og stad vert fastsett av styret og skal kunngjerast med minst tre vekers varsel. Framlegg til saker må vere sende til styret seinast to veker før årsmøtet. Innkallinga skal nemne dei sakene som skal opp på årsmøtet, og skal vere tilgjengeleg for medlemene minst ei veke før årsmøtet. Årsmøtet kan berre gjere vedtak i dei sakene som står i saklista på innkallinga.

6.2 Årsmøtet handsamar
– årsmelding
– revisorgodkjend rekneskap
– innkomne framlegg
– planar for komande år
– fastsetting av kontingent
– val av leiar, fire styremedlemer, to varamedlemer, revisor, valnemnd, eventuelle andre nemnder

6.3 Styremedlemer vert valde for to år i gongen. Ved første val vert to av styremedlemene valde for eitt år, ved neste val vel årsmøtet to styremedlemer. Leiar, varamedlemer og revisor vert valde for eitt år. Alle kan veljast opp att.

6.4 Røysting på årsmøtet: Med mindre anna er fastsett, skal eit vedtak ha vanleg fleirtal av dei gjevne røystene for å vere gyldig.

6.5 Årsmøtet gjer vedtak med vanleg fleirtal blant dei frammøtte medlemene, om ikkje vedtektene seier noko anna.

6.6 Revisoren og valnemnda rapporterer direkte til årsmøtet.

§ 7 Ekstraordinært årsmøte
7.1 Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret finn det naudsynt. Innkalling og gjennomføring følgjer same prosedyre som ved ordinært årsmøte, jf. § 6. Innkallingsfristen er minst 14 dagar.

§ 8 Medlemsmøte
Medlemsmøte vert haldne når styret finn det naudsynt, og skal kunngjerast minst 8 dagar i forvegen.

§ 9 Leiinga for Eiksund bygdelag (styret)
9.1 Bygdelaget vert leidd av eit styre som er øvste styrande organ for laget mellom årsmøta. Styret konstituerer seg sjølv. Leiar skal veljast i eige val på årsmøtet. Varamedlemene skal kallast inn til alle styremøta.

9.2 Styret skal setje i verk vedtaka til årsmøtet og:
– stå for leiing av bygdelaget og ta seg av interessene til medlemene
– forvalte eigedelane/eigedomen til bygdelaget, inkludert å føre kontroll med økonomien til bygdelaget
– oppnemne nemnder eller personar til å løyse spesielle oppgåver, der det trengst
– etter beste evne prøve å oppfylle formålet til bygdelaget etter gjeldande vedtekter
– representere bygdelaget utetter

9.3 Styret held møte når leiaren avgjer eller når eit fleirtal av styremedlemene krev det.

9.4 Alle saker og all korrespondanse skal leggjast fram på styremøtet. Styrevedtak skal protokollførast, likeins alle usemjer som styremedlemer krev å få protokollerte.

9.5 Styret har disposisjonsrett over midlane til bygdelaget til vanlege administrative formål og rett til å løyve pengar til gjennomføring av årsmøtevedtak. Rekneskapsåret følgjer kalenderåret.

9.6 Styret er vedtaksført når fleirtalet av styremedlemene er til stades. Styrevedtak krev vanleg fleirtal. Ved røystelikskap har fungerande leiar dobbeltrøyst.

§ 10 Vedtektsendringar
Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal av dei gjevne røystene og må vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Endringane vert sette i verk med det same.

§ 11 Oppløysing
11.1 Oppløysing av bygdelaget kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Vert oppløysinga vedteken med minst 2/3 fleirtal, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. Vedtaket må gjentakast med 2/3 fleirtal for at laget skal kunne oppløysast. Det ordinære styret kan veljast til avviklingsstyre.

11.2 Ved oppløysing skal formuen til bygdelaget, etter at gjelda er betalt, gå til det formålet laget arbeider for å fremje. Ingen medlemer har krav på midlane til bygdelaget eller delar av dei.


Posted

in

by

Tags: