Bokbåten kjem

Laurdag 28. januar 2017 ligg bokbåten i Eiksund frå klokka 12.00 til 13.30. Her kan alle som vil, låna bøker eller få med seg kulturprogrammet klokka 12.30. Denne gongen kjem skodespelar Astrid Elise Sæterøy med framsyninga «Bolletjuven og andre eventyr».

Astrid-Sæterøy

Kvar finn ein Bolletjuven? Kan ein golv-mopp bli til ein prins? Må du vera ei prinsesse for å kunna kjenna ei ert under hundre madrassar? Desse spørsmåla vil du få svar på i ein leiken halvtime med skodespelar Astrid Elise Sæterøy.

Astrid er utdanna skodespelar ved Nordic Black Theater og HiO. Ho har turnert i Den Kulturelle skulesekken med mange framsyningar, mellom anna «Djeveltanna», «Sterk gutt», «Skreddersydd Prøysen», «Trekant+Kule=Et matematisk eventyr», og prosjektet «Stimfiskens auge».

Målgruppe: Frå 3 år og oppover


Posted

in

by

Tags: