Bokbåten kjem

24. september 2017 av admin

Onsdag 27. september klokka 17.00 til 18.30 er bokbåten i Eiksund. Her kan alle som vil, låne bøker eller få med seg kulturprogrammet klokka 17.30. Denne gongen kjem Torunn Tusj og tek oss med på ei interaktiv forteljarstund der publikum er med på å avgjere handlinga. Ved hjelp av enkle verkemiddel får Torunn med seg både born og vaksne på leiken. Vert det ei historie om ei prinsesse, ei øks eller ein lama? Kanskje kjem sjølvaste Batman? Skal det vere ei sann historie, eller berre tull og fanteri? Den som er med, får sjå!

Comments are closed.