Kvar skal bygda vår gå?

dsc_2204Eiksundbygda har fått tilført midlar til bygdemobilisering, og me inviterer difor alle innbyggjarane til å ta del for å finna ut kva tilbod og aktivitetar me ynskjer å ha her i bygda. For å få inn meiningar frå flest mogleg, skal me ha grendemøte for dei ulike grendene i Eiksund. Alle innbyggjarane kjem til å få innbeding til slike grendemøte. I tillegg til dei vanlege grendemøta vert det dessutan eit eige møte for ungdomane i bygda. Ungdomsmøtet skal vera tysdag 5. februar kl. 20.00 på skulen. Innspela frå grendemøta skal inn i ein samla analyse som skal munna ut i ein «framtidsverkstad» og arbeid med konkrete tiltak.

Vel møtt til grendemøte!


Posted

in

,

by

Tags: