Er du mellom 15–25 år?

15-25

Kva betyr Eiksundbygda for deg mellom 15–25 år? Eiksundbygda har fått tilført midlar til bygdemobilisering, og me inviterer difor alle mellom 15 og 25 år som bur eller er tilknytt Eiksund, til eit møte for å finne ut kva tilbod og aktivitetar de ynskjer å ha her i bygda. Møtet vil ha ein laus struktur, men vi har eit par konkrete spørsmål vi gjerne vil ha greie på – ellers er vi opne for alle innspel! Møte skal vera på tysdag 5. februar kl. 20.00 på skulen, og vil vare ein times tid, alt etter som. Innspela vi får skal, saman med andre innspel, inn i ei analyse som som blir presentert i ein «framtidsverkstad» som vi skal ha i Eiksund i tidlig vår. Vi håpar at du og dei andre unge i Eiksund vil ta turen – det vil bety mykje for oss som bygd i framtida!

Vel møtt til grendemøte!

Helsing Eiksund bygdelag.


Posted

in

, ,

by

Tags: