Høyringsinnspel om vegnamn

16. mars 2013 av admin

Styret i Eiksund bygdelag hadde 20. februar oppe utkastet til vegnamn i Eiksund, og vart samde om å senda ei slik høyringsfråsegn til Ulstein kommune: Vegen frå Garneskrysset til Eiksundtunellen bør heita Eiksundvegen. Vegen frå Selvågtunnelen rundt Aursneset til Selvåg, bør heita Selvågvegen. Vegen frå avkøyringa frå fylkesvegen i Havågane til krysset ned til ferjekaia bør heita Gamlevegen. Frå krysset ned til kaia og til påkøyringa til fylkesvegen ved stranda bør det heita Kaivegen. Frå krysset til snuplassen på Ødegård/Gjerde bør det heita Øggardsvegen.

Comments are closed.