Invitasjon til «Framtidsverkstad» 20. mars

16. mars 2013 av admin

02_eiksundsambandet_opningFoto: Rolv Holstad

Tid: Onsdag 20. mars kl. 19.00
Stad: Eiksund samlingshus
Innslag frå Dimnarevyen ved Marita Moldskred

Eiksund bygdelag inviterer alle i Eiksund til å vere med på å utvikle bygda til å bli ein endå betre plass å bu
og leve i. Mange har delteke på dei fem grendamøta som har vore gjennomførte, og det har kome opp masse gode og kreative idear til kva som kan gjerast i bygda. No inviterer vi alle til å vere med og bestemme kva som skal arbeidast vidare med, og korleis. Vi inviterer difor alle som har lyst, til å vere med på ein «Framtidsverkstad» i Eiksund samlingshus onsdag 20. mars. Her vil alle ideane som kom opp på grendamøta bli presenterte, og så skal vi i fellesskap finne ut kva slags tiltak det er viktigast å jobbe vidare med og bruke dei tildelte midlane på.

Samlinga tek til kl 19.00 og blir avslutta kl 22.00. Vi skal jobbe mest i grupper, og
det blir enkel servering undervegs + underhaldning!

Hadde du ikkje høve til å møte på grendamøta, så møt opp no! No kan du vere med og påvirke framtida for
Eiksundbygda. Vi håpar at både unge og gamle tek turen og tek del i samlinga.
Er det noko du lurer på kan du gjerne ringe til Morten Feiring på telefon 909 76 354.

Comments are closed.