Kult-loppis 2013

Laurdag den 27. april frå kl. 12.

Årets «Kult-loppis» vil ha eit innhaldsrikt program og passar for alle som vil gjere ein god handel eller berre oppleve folkeliv og kultur.

Program for dagen vert m.a.

  • Loppemarknad kl. 12–16 på Eiksund skule
  • Auksjon kl. 16 på Samlingshuset
  • Loppeverkstad og -teater for og med borna, oppmøte kl. 13 på skuleplassen
  • Møt hesten Lilly og følet Celine i skogen ved Eiksund skule kl. 12–16
  • Akustisk konsert kl. 20 på Samlingshuset
  • Vinylquiz under/etter konserten på Samlingshuset
  • Kafé på Samlingshuset og skulen

Konsert og vinylquiz: kr 200,– førehandstinging ved SMS til 909 76 354 (Morten Fering)

Innlevering av loppar på Eiksund skule 25. april kl. 18–20. Kontakt Torill (986 11 643) eller Randi (911 82 807)

581407_2784075940627_684423337_nLoppemarknaden har det meste ein loppemarknad har, men det er lagt spesiell vekt på «kulturlopper» som vinyl, bøker, spel, kunst o.l. Ellers så finn ein klede, møblar, kjøkkenutstyr, fritidsutstyr, el-artiklar og mykje meir. Her kan ein gjere eit varp om ein er om seg og kvikk i avtrekket.
Stad: skulen kl. 12–16

Auksjon er spanande og underhaldande for alle. Spesielle objekt frå loppemarknaden vert plukka ut for auksjon. Det vert også auksjonert vekk spesielle handarbeidsprodukt og gåver gjevne av sponsorar. Det er lagt opp til auksjon for både store og små lommebøker, og dei unge kan også ta del. Auksjon vert god underhaldning når dei munnrappe auksjonariusane Tor Wilhelm Havåg og Per Ødegård svingar auksjonshammaren. Handarbeidsklubben Heklekroken har hekla eit flott teppe som går på auksjon. Teppet er topp kvalitet og vi fortener å få godt betalt for alle hekletimane, seier leiar Randi Janet Furseth.
Stad: Samlingshuset kl. 16

Loppeverkstad og -teater er for born og ungdom i alle aldrar, der ein legg vekt på at deltakarane sjølve skal lage kostyme  i loppeverkstaden. Og slik vert dei ein del av loppefamilien og får framføre sitt eige loppeteater. Linda Nygard har fått med seg ei gruppe førskule- og dramastudentar frå Høgskulen i Volda til å skape eit fargerikt og humørfylt innslag. Her får borna utfalde seg kreativt, oppleve spaning og bruke energi i eit sprudlande loppeteater. Dette vert fargerikt og spanande og passar for born i alderen 3–10 år. Kven torer å finne skattar i grotta til loppetrollet? Gratis å delta.
Stad: oppmøte på skuleplassen kl. 13. Loppeverkstad i kjellaren på samlingshuset. Loppeteateret dukkar opp «her og der».

Møt hesten Lilly og følet Celine.
Stad: i skogen ved Eiksund skule kl. 12–16

Konsertprogrammet vert ein variert akustisk kveld med irsk, roots og bluespreg. Bandet, med Ståle Rasmussen i spissen, har sett saman eit repertoar av klassikarar frå mange store artistar. Musikarane er røynde og kjende frå mange samanhengar, og beherskar alt frå det neddempa vare til det kraftfulle som inviterer til allsong.

Ståle Rasmussen (gitar/vokal), Øystein Djupvik (kontrabass), Øyvin Sønnesyn (piano/gitar/vokal), Leif Arne Nydal (fele) og Bertil E. Tødenes (trommer).

Vi er glade for å presentere ein «special guest» som passar perfekt til dette høvet. Sindre Løvik (vokal/gitar) er ein kjend Jonny Cash-tolkar, men denne kvelden syng og spelar han irsk musikk. Sindre kjem frå Dravlaus i Dalsfjorden, bur no i Volda og er p.t. prestevikar i Ulstein. Som artist omtalar ofte Sindre seg sjølv som «visesongar og Johnny Cash-tolkar». Han har i over 20 år drive både som pub-musikar (med hovudvekt på irsk folkemusikk) og som underhaldningsartist. Åleine eller i lag med andre. Dei 4-5 siste åra har det gått mest i Johnny Cash. Han har hatt fleire konsertar og såkalla «Johnny Cash-messer» (enkel gudsteneste m. songar av Johnny Cash) fleire stader i Telemark, Agder og Rogaland (og eit par stader på Sunnmøre).
Stad: Samlingshuset kl. 20

Herrane Olsen & Feiring er Eiksunds svar på alt ein kan tenke seg av radioprateprogram av modne herrar som pratar om dei gamle musikkstjernene dei sjølv ynskte å verte. Olsen & Feiring har med innsikt og pasjon samla i hop nokre vinylgodbitar. Karane er ubeskjedne nok til å utfordre publikum til å vri vinylhjernecellene i ein uformell quiz.
Stad: Samlingshuset i samband med konserten kl. 20

Kafé på Samlingshuset med pizza, kaffi og kaker.  Kaffi og sveler på skulen.

Kontant betaling på aktivitetar og kafé.

Arrangementet har kortautomat for betaling om naudsynt ved loppemarknad og auksjon. Frå 12.00 til 16.00 er kortautomat å finne i kledeavdelinga på skulen. Frå kl. 16 på Samlingshuset.

Vi som arrangerer trur at årets Kult-loppis skal verte ein suksess på same måten som arrangementet i fjor, som var ein kjempesuksess med stor entusiasme frå både friviljuge og publikum.

Alle som har lyst å ta del som frivillig eller bidrage på andre måtar kan kontakte Eiksund bygdelag v. Randi Janet Furseth (mob. 911 82 807)

I år, som i fjor, så går overskotet til å finansiere drift og aktivitet ved den nedlagde skulen i Eiksund som er ein lokal kulturell yngleplass med regionalt perspektiv.

Arr.: Eiksund bygdelag v. arrangementsgruppa


Posted

in

,

by

Tags: