Kult-loppis 2013 vart ein suksess

9. mai 2013 av admin

Det var godt frammøte og god stemning då Kult-loppis 2013 gjekk av stabelen i Eiksund. Folk stimla til for å sikra seg godbitar på loppemarknaden og auksjonen, og fann seg både bøker, plater, møblar, klede, servise, leiker, antikvitetar og anna. På både skulen og samlingshuset var det høve til å setja seg ned og slappa av med noko godt å eta, anten ein var ute etter noko salt eller søtt, og praten gjekk livleg. For borna var det særs populært med loppeverkstad og loppeteater, og utanfor skulen kunne dei klappa hestar i finvêret. På kvelden var det vinylkviss og ein flott irsk-inspirert konsert med musikarane Sindre Løvik, Ståle Rasmussen, Øystein Djupvik, Øyvin Sønnesyn, Leif Arne Nydal og Bertil E. Tødenes.

Comments are closed.