Bokbåten kjem 24. september

Bokbåten kjem til Eiksund tysdag 24. september kl. 17.00–18.30.
Framsyning kl. 17.30
Bøker kan leverast til Bente Mork Blindheim, Bokbåtkontakt i Eiksund.

Det blir forteljarstund med Trygve Ramnefjell. Han er litteraturformidlar på Bokbussen i Oppland. Han er også frilans som songar, fløyte- og munnharpespelar, skodespelar og forteljar. Han skriv også historier sjølv. Trygve har mastergrad i folkesong frå Høgskulen i Telemark og kurs i forteljarkunst. Han har jobba i fleire prosjekt som skodespelar, og er med i visefolk-gruppa Grove Horn. I 2012 tok han sølv i NM i forteljarkunst. Vi er stolte av å kunne presentere Trygve no under femtiårsjubileet til Bokbåten!

Velkomne skal de vere!

dsc03463
Foto: Bente Mork Blindheim


Posted

in

by

Tags: