Rydding av turstiar

29. september 2013 av admin

Eiksund turlag har som mål å få rydda og opprette turstiar i Eiksund, men for at vi skal få det gjennomført
treng vi hjelp frå resten av bygda. Dersom mange stiller kan vi realisere dette. Vi skal etter kvart også søke midlar til kvilebenkar, lavvo og kanskje ein eller fleire gapahukar. Vi håpar du kan ta med deg godt humør, hanskar, hagesaks, sag/motorsag og stille opp til felles innsats. Hugs å kle deg etter veret!

For å gjere det enklare å hugse har vi sett fast ryddedag til:
SØNDAGAR I DEN VEKA BOSSET BLIR HENTA, KL 14.00.

Her er ei liste over kva søndagar vi skal samlast. Vi håpar på å få til 4 søndagar framover,
så lenge det er snøfritt blir det stirydding!

SØNDAG: 22.09.2013 kl 14.00–16.00 – Frå Aursneset til britahaugen (rydding påbegynt)
SØNDAG: 06.10.2013 kl 14.00–16.00 – Frå Aursneset til britahaugen (rydding påbegynt)
SØNDAG: 20.10.2013 kl 14.00–16.00 – Meir info kjem
SØNDAG: 03.11.2013 kl 14.00–16.00 – Meir info kjem

Oppmøte på AURSNESET, på rasteplassen.
Kontakt er Marita Moldskred mob.: 926 05 224

Helsing turgruppa i Eiksund

Comments are closed.