Årsmøte i Eiksund bygdelag

29. oktober 2013 av admin

Vi gjer med dette kjent at årsmøtet i Eiksund bygdelag for 2013 skal vere torsdag 21. november­ kl. 19.30 på Eiksund skulebygg.

Saker som ein vil skal takast opp på årsmøtet, må vere sende til styret innan 7. november.
Innkalling og sakliste til årsmøte, vedlagd årsmelding og rekneskap og framlegg frå valnemnd, vert så send ut til bygdefolket seinast 12. november.

Vi oppmodar alle som har ei sak dei vil fremje som dei meiner er viktig for den flotte bygda vår om å sende henne til styret v. leiar innan 7. november:
Morten Feiring
Selvåg
6068 EIKSUND
e-post: morten.feiring@lr.no

Medlemskontingent 2013
For ei tid sidan delte vi ut giro for medlemskontingent og litt info om arbeidet i bygdelaget siste året. Vi vil oppmode alle som ikkje har betalt denne kontingenten på kr 100, om å gjere det snarast. Betaling av kontingenten er eit prov på medlemskap i Eiksund bygdelag.

Finn du ikkje att giroen, kan du berre betale inn kr 100 til Eiksund bygdelag, 6068 EIKSUND
og skrive «Medlemskontingent 2013» i betalingsinforuta.
Bankkontonummeret til bygdelaget er 3910.30.46088

Comments are closed.