Julemarknad i Eiksund

Tid: 24. november kl. 12–15
Stad: Skulebygget i Eiksund

I god tradisjon vert det julemarknad og -verkstad i Eiksund komande søndag. I den nedlagde skulen myldrar kulturen og barne- og ungdomsaktivitetar. I år vert det spesielt lagt vekt på juleverkstad, kafé og sal av juleprodukt. Juleverkstaden er eit kjempepopulært tiltak der store og små kan lage sine eigne julesaker, mellom anna drops, julekuler, julestrømper, stjerner, ymse kort og julemannar, og på filmrommet snurrar julefilmane. Det vert mange kjekke aktivitetar for borna i lag med dei vaksne. Og så kjem «Crazyjulenissen» og lagar «førjulsspetakkel».

I kaféen vert det servert god heimebakst, brød frå bakeriet i Lom, juletaffel (levande musikk) og familiequiz. Det vert kunstutstilling og sal av ulike handarbeidsprodukt, brød frå bakeriet i Lom og julebakst. Her kan ein kjøpe dei heilt spesielle julegåvene.

_DSC2002

Medverkande er m.a.:

  • kunstutstilling v. Monica Vermeer, Karin Marie Skeide, Ingunn Haddal, Ingebjørg E. Ulstein, Guri Alme og Bente M. Blindheim
  • Ungdomsklubben i Eiksund (UE)
  • Heklekroken handarbeidsklubb
  • Juletaffelorkesteret (Nadia og Peter Demirov, Øyvin Sønnesyn og Bertil E. Tødenes)
  • barnegruppa i Eiksund
  • herrane Olsen og Feiring

Gratis inngang! Betaling for deltaking på juleverkstad (kr 100,-). NB! Berre kontant betaling eller etter avtale – ikkje kortterminal.

Vel møtt til Julemarknad i Eiksund. Overskotet går til å skape aktivitet for born og vaksne i skulebygget.


Posted

in

by

Tags: