Juleallsong og tenning av julegrana

Tid: Sundag 1. desember kl. 17.00
Stad: Eiksund samlingshus

Eiksundbygda har lange songtradisjonar, og fleire eiksundarar har markert seg som framifrå songarar. Men allsongtradisjonen er ikkje så sterk som før, og det vil ein no gjere noko med. Julehøgtida er tid for fellesskap. Å samle seg og synge dei tradisjonelle julesongene kan skape songfelleskap med god julestemning.

DSC_6593

Programleiar: Per Ødegård
Gløgg, kaffi og kaker
Loddsal

Eiksund og omland allsongorkester:

  • Peter Demirov – piano
  • Per Arne Brandal – gitar
  • Øystein Djupvik – kontrabass
  • Bertil E. Tødenes – trommer

Vel møtt til alle frå fjern og nær til god juleallsong i Eiksund.
Arrangørar: Allsonggruppa i Eiksund og Saniteten


Posted

in

,

by

Tags: