Korkonsert med Prots

Risør Thorvald Knudsen 2011

Søndag 2. februar skjer det – ein stjernekveld vi seint skal gløyme. Vi veit ikkje heilt kva – enda. Men vi veit at korsong, godt musikalsk­ og sosialt fellesskap, profesjonell og kyndig leiing er ingrediensar som skal til for å skape ei flott oppleving som ein kan hugse lenge.

Per Oddvar «Prots» Hildre – dirigent
Per Arild Skorgen – piano
Svein Hunnes – bass

Søndag 2. februar kl. 17.00 på Eiksund samlingshus
Sal av kaffi og kaker
Inngang: 200,–

Krydra med songglede, entusiasme og ein fantastisk akustikk, ligg alt til rette for ein strålande korkonsert med Prots på Eiksund samlingshus. Syng med oss-gruppa i Eiksund vart skipa for om lag to år sidan. Og målet er å bidrage til auka songaktivitet og songglede. Ein er no komen fram til ein viktig milepæl, korkurset med Per Oddvar «Prots» Hildre. Vi er glade for at vi har ein av landets fremste innan «korfaget» til å instruere og leie oss gjennom denne helga. Og særs dyktige musikarar til akkompagnement. Konserten vert variert og det er lagt inn fleire allsongar. Alle som vil skal få vere med på å skape «songmagi» i Samlingshuset. Her ligg alt til rette for ein strålande korkonsert. Vi vonar at songarar og publikum deler begeistringa over denne storhendinga, og at dette er starten på noko vi skal gjere mange gongar. Vel møtt til Stjernekveld i Eiksund.

Syng Med Oss-gruppa i Eiksund

«Prots»
Per Oddvar Hildre, eller meir kjend som «Prots», er Noregs mest profilerte dirigent. Han har gjort det meste ein kan gjere for, om og med kor. Og er stadig full av energi, inspirasjon og nyfikenheit etter fem tiår som songar og dirigent. Han har ein «Prots-magi» som lyftar songarar og melodiar opp i nye sfærer. Tonar, klangar, harmoniar svirrar rundt, både inni og utanpå denne mannen. Og i dragsuget tek han songarar og publikum med på ein herleg svevetur dei surfar på lenge etter at den siste tonen har klunge ut.

Per Arild Skorgen – piano
Per Arild er nok ein gong «headhunta» av «Prots». Og grunnen er innlysande når ein ser kva denne herren har bedrive tida med. Kor + «Prots» + Per Arild = heilt sant og framifrå musikalsk. Han er fødd i Isfjorden og har teke musikkutdanning ved konservatoriet i Trondheim (NTNU). No er han busett i Oslo og er rektor i musikk­skulen. Han har og lang røynsle som teatermusikar og er knallgod på å «spele dei andre gode». Per Arild har reiste heile Noreg og halve verda rundt med «Prots» og kor. No gler han seg til eit spanande møte med songarar og publikum i Eiksundbygda.

Svein Hunnes – bass
Svein har lang musikkerfaring og er ein profilert musikar på våre kantar. Strålande musikalitet, allsidigheit, omgengelegheit og ein lun humor har gjort han til «bassisten som har spelt med alle». Til dagleg er Svein er høgskulelektor og seksjonsleiar ved seksjon for musikk ved Høgskulen i Volda. Han tok utdanning som allmennlærar ved Volda lærarhøgskule, og har musikkpedagogisk hovud­fag frå Griegakademiet i Bergen. Svein er bassist, låtskrivar og musikalsk sjef i bandet BokkeReidars Bluesband. Han er òg bassist i Red Roosters Bluesband. Og så har han spelt dei fleste sjangrar og har lang erfaring med korleis ein skal spele med kor.


Posted

in

, ,

by

Tags: