Kjøkenkonsert med Überjam

_DSC7776
No er det klart for ny kjøkenkonsert på den nedlagde skulen i Eiksund. Etter mange oppfordringar vonar ein no å gjenta suksessen med ein intim konsert og quiz. Her er praktisk tala både musikarar og publikum på same scene, og tettare på kjem ein ikkje. Ein kan kjenne lukta av eit nyolja Hammond-orgel. Instrumentet som er ei fryd for både auge og øyre. Her vert heller ikkje anna lydanlegg enn det som musikarane sjølv har på scena, så her får du ei retteleg nær-Überjam-oppleving. Morten Feiring syter for ei mjuk avrunding på kvelden og spelar vinylplater av god årgang.

Überjam har fast tilhaldsstad på den nedlagde skulen i Eiksund. Her vert det nærmast konsert i øvingslokalet og alle inntektene frå arrangementet går til drift og utvikling av skulebygget som myldreplass for lokalkultur og aktivitetar. Überjam er kjende for dei fleste i det lokale musikkmiljøet. Alle er røynde musikarar, som danna Überjam et som eit ”koseband” for å spele hovudsaklig instrumentalmusikk frå 70- og 80-talet. Dei har ei rekkje iøyrefallande melodiar på repertoaret, som varierer frå Westcoast, smoothjazz, blues, 70-tals rock, jazzrock, fusion og orgeljazz. Jimmy Smith, Koinonia, Lee Ritenour, Santana, John Scofield, Pat Metheny er nokre som kan nemnast. Om ein ikkje dreg kjensel på namna, så vil publikum kjenne att låtane. Mange er mykje spelt på radio.

Überjam lovar ei ekte og ”usminka” lydoppleving. Karane spelar for det meste på ”vintageutstyr” der Hammondorgelet er eit naturleg midpunkt.

Peter Demirov – Hammondorgel og Rhodes piano Rune Ertesvåg – gitarar Jan Thormodsæter – bass Bertil E. Tødenes – trommer

Ver tidleg ut for det er avgrensa med plassar i kjøkenet. Konsertbillett kr 100,- (ta med kontantar) og elles gode prisar i kaféen. Billettar kan førehandstingast ved å senda SMS til 950 43 397 (Bertil).

Kva: Kjøkenkonsert med Überjam og Olsen&Feiring v. Feiring
Kvar: Eiksund skule
Når: Søndag 6. april kl. 18.00


Posted

in

,

by

Tags: