Leiarkroken

27. april 2014 av admin

imageHei gode bygdefolk!

Det er stor aktivitet i bygda vår. Vellukka korseminar med Prots fyrste helga i februar har resultert i korøvingar, populær strikkekafe er starta opp av driftige damer og ein ungdomsklubb er i gang. Turgruppa merker råser og søker om tilskott til tiltak.

Bygdelaget har signert mellombels driftsavtale for skulebygget med kommunen. Eit eige driftsstyre for skulebygget er skipa. Annfrid Worren er leiar her. Dei organiserer drifting av bygget framover og planlegg aktivitetar. KORK kjem til bygda veka etter 17. mai. Dette vert ei storhending der vi reknar med at bygdefolket vert engasjert på ymse vis.

Kultloppis er utsett til neste år. Mange var nok budde på å levere møbler m.v. til Kultloppis i år og, men ein har konkludert med for lite kapasitet til organiserings- og planleggingsfasen i år. Så då lyt ein berre oppmode folk til å gøyme på godsakene til neste vår!

Ein har starta eit arbeid med å kartlegge tomtesituasjonen i bygda og så arbeide vidare med å ha eit visst tal tomter tilgjengeleg fortløpande. Her er starta eit arbeid med å få til ein god leikeplass i bygda vår.

17. mai-komiteen er i full sving. Husstyret melder om at årsmøtet deira vert i byrjinga av maj og tradisjonell ballegove i september/oktober. Saniteten skal nok ha basar til hausten. Litt usikkert enda om jonsokgraut på huset, men vi satsar i alle fall på tradisjonell jonsokfeiring på stranda med stort bål og grilling og litt andre aktivitetar, og vi reknar med like stor oppslutnad som tidlegare år … og knallfint midtsommarvêr, sjølvsagt! Småbåtlaget har akkurat sendt ut info om 23 nye båtplassar til bygdefolket. Dei er i forhandlingar med kommunen om leigeavtale.

Alt i alt skjer det mykje positivt i bygda vår, og meir er i vente. Mitt klare inntrykk er at bygdefolket er på lag – og at alle er innstilte på å drage bygdelivslasset i lag framover!
Om eg i farta har gløymt noko her no, så ber eg om orsaking for det. Her skjer så mykje at det er vanskeleg å hugse alt! … og kom gjerne med supplering/justering/innspel!

Helsing Morten Feiring – leiar Eiksund Bygdelag – tlf. 909 76 354

Comments are closed.