KORK kjem!

NRK har valt ut eit talent frå Eiksund (i lag med eit frå Ulstein og eit frå Ørsta) som skal opptre saman med Kringkastingsorkesteret i den musikalske storsatsinga «Da KORK kom til bygda». Serien skal gå på NRK til hausten. Då vil sjåarane få oppleve engasjementet og dugnadsånda i bygda, og dei vil få sjå lokale talent som vert lyfta opp og fram av eit profesjonelt orkester.

Foto: NRK
Foto: NRK

Vi vonar at bygdefolket synest dette er stor stas og at fleire kan tenkje seg å stille opp for å vise bygda frå si beste side. Mykje er hemmeleg kring arrangementet, men vi veit at NRK har fatta spesiell interesse for Eiksund.

I denne veka skal det skje mange ting som ein treng folk til, så har du høve og lyst til å vere med på noko unikt, – reserver veka til denne hendinga.

18. mai
18. mai er det KICKOFF på samlingshuset der vi håpar at flest mogleg kan ta seg tid til å kome, dette er eit felles dugnads-/informasjonsmøte kring det som skal hende. Denne dagen vil det også bli avslørt kven det heldige talentet frå Eiksund er!

22. mai
22. mai er det arrangement i Eiksund, dette er dagen vi må få flest mogleg ut av stova og med på arrangementa, dette er dagen filmteama vil vere rundt omkring for å filme i bygda vår! Fint om alle også steller rundt husa sine 🙂

Her kan du få vere ein del av NRK si storsatsing til hausten!

24. mai
24. mai vert det stor konsert med KORK og dei 3 talenta i Hareidshallen.
Her ligg det an til mange kjekke overraskingar …

Ope planleggingsmøte vert komande måndag 5. mai kl. 18.00 på skulen.
Vi oppmodar folk til å kome på dette møtet, dette er VIKTIG! Om du er opptatt den 22. mai, kan det hende det er noko du kan hjelpe til med i forkant? Felles ryddedugnader blir måndag 12. mai, torsdag 15. mai og måndag 19. mai. Det vert hovudvekt på skuleplassen, området mellom skulen og samlingshuset og nede ved strandområdet.

Gå ikkje glipp av storhendinga i år! Kom og bli med!

Med venleg helsing
Arrangementsnemnda i Eiksund


Posted

in

by

Tags: