Bokbåten kjem 13. september

3. september 2014 av admin

Bokbåten Epos kjem til Eiksund laurdag 13. september kl. 10.30 til 12.00. Framsyning kl. 10.30
www.bokbaten.no

dsc03463

Forteljar er Amir Mirzai. Alle forteljingane er dramatiske, men dei har ein humoristisk grunntone eller ein saftig ironi.

Amir vidarefører ein rik, persisk forteljartradisjon, og har omsett mange persiske forteljingar til norsk. Han har vore medlem av Fortellerhuset sidan starten hausten 2002.

Som forteljar auser han av heile verdas eventyrarv. I samspel med publikum skreddarsyr han framsyninga og held på denne måten ved like ein fleire tusen år gamal tradisjon. Passar for born over 3 år.

Bøker kan leverast til Bente Mork Blindheim, Selvågvegen 19.

Comments are closed.