Årsmøte i Eiksund bygdelag

27. oktober 2014 av admin

Vi gjer med dette kjent at årsmøtet i Eiksund bygdelag for 2014 skal vere torsdag 20. november­ kl. 19.00 på Eiksund samlingshus.

Saker som ein vil skal takast opp på årsmøtet, må vere sende til styret innan 6. november. Innkalling og sakliste til årsmøte, vedlagd årsmelding og rekneskap og framlegg frå valnemnd, vert så send ut til bygdefolket seinast 12. november. Vi oppmodar alle som har ei sak dei vil fremje som dei meiner er viktig for den flotte bygda vår, om å sende henne til styret v. leiar innan 6. november:

Morten Feiring
Selvågvegen 16
6068 EIKSUND
e-post: morten.feiring@nlr.no

Før årsmøtesakene vil Johan Ottesen innleie om gamle stadnamn i Eiksundbygda, ut i frå ei omfattande kartlegging han gjorde tidleg på åtti-talet. Dette vert interessant, så berre sett av kvelden no med det same!

Medlemskontingent 2014
I lag med innkalling kjem vi til å legge ved giro på medlemskontingent kr 100,–
Betaling av kontingenten er eit prov på medlemskap i Eiksund bygdelag. Du kan og gjerne betale no direkte på nettbank kr 100,– til Eiksund Bygdelag, 6068 EIKSUND og skrive «Medlemskontingent 2014» i betalingsinforuta.

Bankkontonummeret til bygdelaget er 3910.30.46088

Comments are closed.