Då KORK kom på storskjerm

7. november 2014 av admin

_DSC4725Eiksund Bygdelag, Ulstein Trekkspelklubb og Eiksund Samlingshus inviterer til festkveld for store og små 22. november.

Vi har alle friskt i minne storhendinga i vår då KORK og Ingrid var på besøk i bygda vår, og den flotte finalen: konserten­ i Hareidshallen.­

No er det endeleg tid for at NRK skal sende programma om førebuinga­ til konsert og sjølve konserten. Dette skjer i beste sendetid: laurdag 22. november kl. 19.55–21.30 og konsertopptaket kl. 23.15–23.55. I samband med dette skipar vi til ein «heilaftan» på Eiksund­ Samlingshus med NRK på storskjerm!

Dørene opnar kl. 18.30.

Ulstein Trekkspelklubb spelar opp før og mellom vising­ av TV-sendingane. Det vert sal av pizza, brus, kaffi og kaker. Vi skal ha loddsal og auksjon. Vi held ope fram til konserten er avslutta ved midnatt.

Alle er hjarteleg velkomne!

Antrekk: Eiksund-skjorte med noko attåt
… eller noko anna høveleg.

Comments are closed.