Eiksund bygdelag

  • Leiar: Knut Øyvind Myklebust. tlf. 97655207, e-post: post@knutmyklebust.no
  • Nestleiar: Annfrid Worren, tlf. 91763237
  • Kasserar: Ingerid Sæter, tlf. 95730236
  • Styremedlem: Nina Elisabeth Oddbjørnsdotter Bøe
  • Styremedlem: Peder Kristian Heimland
  • Vara: Bård Ødegård
  • Vara: Lennart Aambø

17. mai i Eiksund 2019

08.00 Flaggheising og vekking

11.00 Folketoget – og felles barnetog for Haddal og Eiksund – startar ved Eiksund Grendahus. I år går vi utover i bygda!

11.30 Velkomen og «Ja, vi elsker». Barnetime for Haddal og Eiksund.
Leikar ute – litt nytt og litt gamalt.
Tradisjonelt matsal inne.

13.00 Folkefest
Tale ved Anne-Marte Eikrem Røren.
Musikkinnslag ved Endre Havåg og Ingrid Remø.
Allsong ved Ingrid Remø.
Bildekåseri ved Karl Randle.
Diktlesing ved Endre Havåg.
Bildequiz ved Morten Feiring.

Vel heim og god feiring vidare!

Strandryddedag 6. mai 2017

Eiksund er utan tvil ein av dei finaste stadane på Sunnmøre. Men dei som har ferdast langs strandlinja vår, veit at store mengder søppel har samla seg enkelte stadar, spesielt på sørsida av Eika og utover mot Aursneset, og dette er både til skjemsle og skade for naturen.

Eiksund bygdelag ynskjer å gjere noko med dette, og inviterer difor til ryddedugnad på den nasjonale strandryddedagen 6. mai.

Tid: 10–18 (Det er ikkje naudsynt å vere med heile dagen. Vi er takksame for alle bidrag.)
Stad: Oppmøte på småbåthamna. Båttransport til dei aktuelle områda vert organisert.
Ta med: Hanskar – Mat og drikke – Redningsvest/flytevest (spesielt til borna)

NB! Både personar og båtar som deltek, er med i trekninga av ein iPad 32 GB. Dei som stiller med båt doblar dermed vinnarsjansen.

https://www.facebook.com/Eiksundbygda/ vil de finne oppdatert informasjon om arrangementet. Kontakt oss der, eller på telefon 97655207 (Knut Øyvind) / 91763237 (Annfrid)

Årsmøte Eiksund bygdelag

Vi vil med dette kalle inn til årsmøte tysdag 28. februar kl. 19.00 på Samlingshuset.

Sakliste

  • Val
  • Rekneskap
  • Ymse

Om du har saker du vil ta opp, må dei vere styret i hende innan 24. februar.
Etter at årsmøtet er ferdig, vil vi legge fram nokre av dei framtidige prosjekta vi ser føre oss i
bygda. Vi nemner:

  • Merking av stiar
  • Ballbinge
  • Leikeareal i Johanmarka
  • Tuftepark
  • Toalett ved stranda
  • Andre framtidige prosjekt?
  • Vi håpar med dette du tek deg tida til å kome med dine innspel.

    Vel møtt!
    Roy Bjørkedal
    For styret Eiksund bygdelag

Bilete frå jonsok 2016

Jonsokfeiring i Eiksund

Bålet på stranda.

Bålet på stranda.

Eiksund Bygdelag inviterer til jonsokfeiring på stranda torsdag 23. juni.

Program:
17.45: Fantetog frå gamle ferjekaia. Vi oppmodar både foreldre og born å stille i kreativ klesdrakt.
18.00: Grillane er varme
19.00: Vi tenner jonsokbålet

Leikar på stranda og premie for beste kostyme.

VEL MØTT!

Vedtekter for Eiksund bygdelag

Vedtekne 2. mai 2006. Sist endra på årsmøtet 20. november 2014.

§ 1 Namn
Laget har namnet Eiksund bygdelag.

§ 2 Formål og verkemiddel
2.1 Formålet til Eiksund bygdelag er å fremje medlemene si felles interesse i området og å arbeide for det sosiale og fysiske miljøet på staden, og trivsel og tryggleik for innbyggjarane. Laget kan ta opp alle saker som kan fremje desse formåla.

2.2 Laget er partipolitisk uavhengig.

2.3 Lagsstyret kan samarbeide med andre lag og institusjonar i saker av felles interesse.

2.4 Laget skal sikre og ta seg av interessene på staden som eit høyrings- og samarbeidsorgan overfor kommunen og andre offentlege instansar.

2.5 Laget skal forsøke å ta omsyn til natur- og miljøvern i arbeidet sitt.

§ 3 Juridisk person
3.1 Laget er ein sjølveigande og frittståande juridisk person med upersonleg og avgrensa ansvar for gjeld.

§ 4 Medlemskap
4.1 Alle husstandar, inklusivt dei som har eigedom, kan verte medlemer.

§ 5 Kontingent
5.1 Kvar husstand betaler kr 200 i medlemskontingent per år.

§ 6 Årsmøte
6.1 Årsmøtet er det øvste styrande organet for laget. Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av februar månad. Tid og stad vert fastsett av styret og skal kunngjerast med minst tre vekers varsel. Framlegg til saker må vere sende til styret seinast to veker før årsmøtet. Innkallinga skal nemne dei sakene som skal opp på årsmøtet, og skal vere tilgjengeleg for medlemene minst ei veke før årsmøtet. Årsmøtet kan berre gjere vedtak i dei sakene som står i saklista på innkallinga.

6.2 Årsmøtet handsamar
– årsmelding
– revisorgodkjend rekneskap
– innkomne framlegg
– planar for komande år
– fastsetting av kontingent
– val av leiar, fire styremedlemer, to varamedlemer, revisor, valnemnd, eventuelle andre nemnder

6.3 Styremedlemer vert valde for to år i gongen. Ved første val vert to av styremedlemene valde for eitt år, ved neste val vel årsmøtet to styremedlemer. Leiar, varamedlemer og revisor vert valde for eitt år. Alle kan veljast opp att.

6.4 Røysting på årsmøtet: Med mindre anna er fastsett, skal eit vedtak ha vanleg fleirtal av dei gjevne røystene for å vere gyldig.

6.5 Årsmøtet gjer vedtak med vanleg fleirtal blant dei frammøtte medlemene, om ikkje vedtektene seier noko anna.

6.6 Revisoren og valnemnda rapporterer direkte til årsmøtet.

§ 7 Ekstraordinært årsmøte
7.1 Ekstraordinært årsmøte skal haldast når styret finn det naudsynt. Innkalling og gjennomføring følgjer same prosedyre som ved ordinært årsmøte, jf. § 6. Innkallingsfristen er minst 14 dagar.

§ 8 Medlemsmøte
Medlemsmøte vert haldne når styret finn det naudsynt, og skal kunngjerast minst 8 dagar i forvegen.

§ 9 Leiinga for Eiksund bygdelag (styret)
9.1 Bygdelaget vert leidd av eit styre som er øvste styrande organ for laget mellom årsmøta. Styret konstituerer seg sjølv. Leiar skal veljast i eige val på årsmøtet. Varamedlemene skal kallast inn til alle styremøta.

9.2 Styret skal setje i verk vedtaka til årsmøtet og:
– stå for leiing av bygdelaget og ta seg av interessene til medlemene
– forvalte eigedelane/eigedomen til bygdelaget, inkludert å føre kontroll med økonomien til bygdelaget
– oppnemne nemnder eller personar til å løyse spesielle oppgåver, der det trengst
– etter beste evne prøve å oppfylle formålet til bygdelaget etter gjeldande vedtekter
– representere bygdelaget utetter

9.3 Styret held møte når leiaren avgjer eller når eit fleirtal av styremedlemene krev det.

9.4 Alle saker og all korrespondanse skal leggjast fram på styremøtet. Styrevedtak skal protokollførast, likeins alle usemjer som styremedlemer krev å få protokollerte.

9.5 Styret har disposisjonsrett over midlane til bygdelaget til vanlege administrative formål og rett til å løyve pengar til gjennomføring av årsmøtevedtak. Rekneskapsåret følgjer kalenderåret.

9.6 Styret er vedtaksført når fleirtalet av styremedlemene er til stades. Styrevedtak krev vanleg fleirtal. Ved røystelikskap har fungerande leiar dobbeltrøyst.

§ 10 Vedtektsendringar
Vedtektsendringar krev 2/3 fleirtal av dei gjevne røystene og må vedtakast på ordinært eller ekstraordinært årsmøte. Endringane vert sette i verk med det same.

§ 11 Oppløysing
11.1 Oppløysing av bygdelaget kan berre handsamast på ordinært årsmøte. Vert oppløysinga vedteken med minst 2/3 fleirtal, skal det kallast inn til ekstraordinært årsmøte 3 månader seinare. Vedtaket må gjentakast med 2/3 fleirtal for at laget skal kunne oppløysast. Det ordinære styret kan veljast til avviklingsstyre.

11.2 Ved oppløysing skal formuen til bygdelaget, etter at gjelda er betalt, gå til det formålet laget arbeider for å fremje. Ingen medlemer har krav på midlane til bygdelaget eller delar av dei.

Årsmøte i Eiksund bygdelag

De blir med dette kalla inn til årsmøte måndag 29. februar 2016 kl. 19.00.
Stad: kjøkenet Eiksund skule.

Sakliste:

  • Val
  • Innkomne saker

Innkomne saker må vere styret i hende innan 18. februar.
Det vil også bli informert om ny utvikling i skulesaka.
Vi serverer kaffi og noko godt å bite i. Vel møtt!

For styret
Roy Bjørkedal
Leiar

Jonsok i Eiksund

Tysdag 23. Juni

17.45: Fantetoget startar frå krysset i Johanmarka (Nyefeltet)
18.00: Grillane vert tente
18.00–20.00: Strandkafe med sal av kaffi, brus, kaker, sveler og vaflar
19.00: Jonsokbålet vert tent
19.15: Premieutdeling for beste kostyme i Fantetoget
Musikkinnslag med vêratterhald

Brudgom og brurer.

Der er plass til meir trevirke på bålet, så folk må gjerne levere og stable fornuftig fram mot jonsokaftan.
Tenning av bålet.

Ryddedugnad ved stranda!

485274_143259509173580_993447860_nVi har satt av tysdag 16. juni kl. 18.00 til den årlege ryddinga av strandområdet. I år slår vi saman to og to og set samtidig opp bålet til jonsok. Det er difor høve til å legge på bålet allereie frå helga av.

NB! Hugs at det berre er lov til å legge på reint trevirke, utan måling og impregnering.

Ta med jarnrive, greinsaks, spade og liknande. Vel møtt til dugnad!

Eiksund bygdelag

Loppemarknad og kulturkafé i Eiksund laurdag 25. april

_DSC7476EIKSUND SKULE
Loppemarknad kl. 12.00–15.00
Kreativ gjenbruksverkstad for born v. Monica Vermeer: Her får borna skape spennande skulpturar av gjenbruksmateriale
Auksjon

EIKSUND SAMLINGSHUS
Kulturkafé kl. 12.00–17.00
Sal av pizza, brus, kaffi og kaker
Musikk v. Knut Selvåg
Hoppeslott for borna
Tombola